Det vesle ekstra

Å bry seg. Det pregar livet til Johan Bertel Vartdal. Både som lærar og lærlingansvarleg.

Skriv ut

Nyleg steig han over dørstokken til lærarrommet ved avdeling for Elektro/automasjon. Ein stad han hadde hørt til i 15 år av sitt yrkesaktive liv. Han var ikkje lenger ein av dei tilsette. Det private næringslivet har i staden fått gleda av kompetansen til Johan Bertel, som no har lælingsansvaret hjå Vartdal Plastindustri AS.

Sola skein frå klar himmel då han var på vitjing på Ørsta vidaregåande skule. Noko som var særs passande. For mottakinga var nærmast kongeleg.  Smila, som kom frå dei tidligare kollegaene, sa alt. Han var fortsatt ein del av gjengen. Ut frå samtalane den neste halve timen skulle ein tru at han var lærar den dag i dag. Tillit og venskap prega lufta i rommet.

Ringde elevane

Kanskje ikkje så rart. Dei to orda var heilt sentrale for at Johan Bertel treivst som lærer i ein årrekkje.

- Eg er glad i folk. Som lærar vart eg særs oppteken av at elevane skulle ha det bra, og ikkje minst at skulekvardagen deira skulle vere rettferdig og ærleg. Eg ville at elevane skulle finne sin plass. Om eg merka at det var elevar som ikkje kom, så etterlyste eg dei. Det gjorde eg heilt til at dei ikkje ville ha melding eller telefonsamtalen frå meg. Då var dei her før timen starta, seier Vartdal.

- Dessverre var det ikkje alle eg lykkast med, men det var min taktikk å seie frå at vi sakna dei på skulen. Derfor måtte eg spørje dei om når dei kom. Då måtte dei anten kome med ei løgn eller ta turen. Eg trur eg behandla alle likt sjølv om eg la inn ein ekstra innsats på dei som trengte det meir enn andre.

Hadde det godt på skulen

Han såg på det som ei heilt naturleg oppgåve for ein lærar.

- Eg brydde meg fordi det er ein del av det å vere lærar.  Du har eit visst tal med elevar, og så har du ansvar for å hjelpe alle på vegen vidare. Ikkje alt kan bli til gull, men eg trur veldig mange kan seie at dei hadde det godt på skulen.

- Ein må finne meisteringsnivået til elevane. Etter kvart skjønar elevane at du vil dei vel og at du er der for å hjelpe dei. Du får dei opp til eit visst nivå før dei drar ut i arbeidslivet. Det er godt å sjå i seinare tid at mange har lykkast i arbeidslivet.

- Er du trygg på faget og likar å undervise, så skjønar ungdomen at du kan faget. Elevar har sagt at det er lett å sjå at eg likar faget fordi eg har hatt ein stor personleg interesse for faget. Det fortel at eg har vore på rett plass. Eg kjenner meg privilegert som har vore lærar ved Ørsta vidaregåande skule. Det å få jobbe med unge menneske, få dei til å meistre og lære, er eit privilegium i seg sjølv, seier Vartdal.

Ansvar for lærlingane

I dag får han framleis bruke den pedagogiske kunnskapen og erfaringa han tileigna seg ved yrkesskulen. Det får han ved å ha ansvaret for lærlingane ved Vartdal Plastindustri AS.

- Det gjer at eg må vere oppdatert slik at dei får den opplæringa dei har krav på. All erfaringa som eg fekk i åra ved Ørsta vidaregåande skule er gull verdt i denne jobben også.

- Å ha denne moglegheita gjer arbeidsdagen min rikare. Sjølv om eg har ansvaret, så er det godt å sjå at alle i bedrifta bidreg i det daglege, legg Johan Bertel til.

Han er glad for at han er i ei bedrift kor lærlingar er viktig for rekrutteringa.

- Vi ynskjer at lærlingane skal få moglegheit til å ta fagbrev før dei får tilbod om jobb i bedrifta. Den siste som tok fagbrev, er tilsett her. Det gleder hjartet til læraren i meg.