Ørsta vgs - vikariat naturfag/matematikk (frist 19.11.21)

Vi søker etter

deg som kan vere vikar i 60-100 % stilling i matematikk og naturfag for skuleåret 21/22.

Vi søker deg som

har godkjent undervisningskompetanse i matematikk og naturfag. Det er også ein fordel om du har undervsiningskompetanse frå fleire fag, og har erfaring frå vidaregåande skule.

Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig og ha gode samarbeidseiegenskapar. Du må trivast saman med ungdom, og vere ein trygg og tydeleg vaksen.

Vi tilbyr

" stor satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling
" godt arbeidsmiljø med faglege og personlege utfordringar
" internasjonal satsing og samarbeid
" medlemskap i SPK
" løn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar

Søknad

Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandliing. Vi ber difor om at du sender elektronisk søknad.

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Søkarliste

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25-2. Om dette er tilfelle, vil vi kontakte søkaren før offentleggjering.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Opplæringslova § 10-9.

Snarvegar

Kontakt