Ørsta vgs - tilkallingsvikarar Helse og oppvekstfag (frist, 18.11.21)

Om skulen

Ørsta vidaregåande skule er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen. Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom lærar og elev, noko som vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer. Skulen har kontinuerlig fokus på å utvikle fagmiljøa både internt og saman med eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom skulen sin visjon om "Meistring gjennom aktivitet og utforsking" ynskjer vi å gje elevane våre ei solid læringsplattform der kunnskap og opplevingar kjem i fremste rekkje.

Vi søker etter

tilkallingsvikarar ved Helse-og oppvekstfag for skuleåret 21/22. Vi har vikaroppdrag som kan variere med varigheit frå ein dag til fleire veker. Kanskje passar det deg best å ta enkeltdagar, eller at du ønsker større vikaroppdrag? Skriv litt om dette i søknaden din.

Vi søker deg som

har kompetanse til å undervise både ved vg1 og vg2 hos Helse og oppvekstfag. Det er ynskeleg at du har bakgrunn som sjukepleiar, vernepleiar, er yrkesfaglærar med helsefagarbeidarbakgrunn, eller har anna relevant utdanning.

Praksis innafor fagfeltet vil bli vektlagt. Vi set også personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personal ved skulen. Du må vere omgjengeleg, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må trivast saman med ungdom, og vere ein trygg og tydeleg vaksen.

Vi tilbyr

" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" internasjonalt satsing og samarbeid
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter tariff

Andre opplysningar

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Vi vil ta kontakt med aktuelle kandidatar så snart som råd.

Politiattest

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Snarvegar

Kontakt