Internasjonale aktivitetar

Som elev ved Ørsta vidaregåande skule kan ein søke om å vere med på internasjonale aktivitetar ved skulen.Dette er ein del av YFF -faget på vg2, og går ut på at du som elev får reise til Spania for å jobbe ved ei bedrift innan di studieretning. Opphaldet varer i 3 veker, og er fullfinansiert av midlar frå EU-organisasjonen Erasmus + og Diku (Direktoratet for internasjonalisering i utdanninga). For å få vere aktuell som deltakar i dette prosjektet må du ha lite udokumentert fråvær og god orden og åtferd. Søk deg til Ørsta vidaregåande skule og få ei unik moglegheit til å oppleve korleis det er å arbeide og bu i ein annan kultur!

 

Byggfag i arbeid

Snarvegar

Kontakt