VIP-veke

I år hadde skulen vår fokus på psykisk helse og rus i samarbeid med KORUS (kompetansesenter rus, Midt Norge, St. Olavs hospital og lokalt politi. I tillegg fekk i år alle på skulen tilbod om foredraget «Tilbake til livet», av Simen Almås.

Skriv ut

Simen var utsatt for ei alvorleg eksplosjonsulykke som ung gut og fekk store brannskader, og er overlevande etter Utøya. Eit foredrag som gjorde inntrykk! Gjennom samarbeidet med Ørsta Kommune, teneste for psykisk helse, rustenesta, helsesjukepleiar, Frisklivsentralen, barnevern og PPT har skulen eit breitt spekter av helsepersonell til dette arbeidet, og er såleis i ei særstilling. 

Skulen har gjennom dette samarbeidet fått auka kompetanse, hjelp og støtte når elevar slit med psykisk u-helse. Vi veit at dette er eit viktig og nødvendig arbeid frå fleire spørjeundersøkingar skulen har hatt i elevgruppa. I alle klasserom, verkstad og fellesareal heng plakatar med info om skulen sine elevtenester, kontaktinfo i elevtenesta , helsesjukepleiar, miljøarbeidar, og til eksternt helsepersonell.

 

Ann Turid Andersen Egset 

Leiar sosialpedagogisk team og rådgjevar.

Ørsta vgs

Kontakt