Kinodokumentaren «Nattebarn»

Hei! Vi ynskjer velkomen til vising av kinodokumentaren «Nattebarn» på Ørsta kulturhus onsdag 27. oktober klokka 18, med påfølgjande regissørbesøk!

Skriv ut

Nattebarn vert omtala som «kanskje årets viktigste film» av Aftenposten, og har hausa mykje god kritikk frå fleire hald. Nattebarn samarbeider med Indiefilm og dei skriv: 

Utgangspunktet for Nattebarn er regissør Petter Aaberg sitt selvmordsforsøk i 2017. Filmen viser dermed en menneskelig reise og prosess frå randen av selvdestruksjon til følelse av mestring og betre kontroll. Filmen er en berg-og-dal-bane med opplevelser og mange følelser og uttrykk som mennesker med psykiske lidelser vil kunne kjenne seg igjen i. Pårørende vil kunne nærme seg sin familie og venner ved å se Nattebarn da filmen er rå og usminket og taler høyt om hva de med selvmordstanker opplever når de sterkeste følelsene tar overhånd. Som en testseer har sagt: «Nå trenger jeg ikke forklare lenger, nå kan jeg bare si se Nattebarn». 

Sjå trailer til filmen her: https://www.indiefilm.no/nattebarn

Ved å få til ei slik vising ynskjer vi å få fram viktigheita med openheit og det å vere ein god venn og støttespelar, og å minske tabu kring psykiske utfordringar. Saman med regissør Sverre Kvamme vert det panelsamtale umiddelbart etter filmen, med moglegheit for publikum å stille spørsmål. Her vil også kommunepsykolog samt tilsetje frå tenesta for psykisk helse og rus Ørsta vere tilstades. Denne hendinga må du få med deg J

Har du ungdom i hus er kanskje denne filmen ekstra viktig å få med seg!  Til informasjon så får alle elevar ved Ørsta vidaregåande skule anledning å sjå filmen i undervising 26.10., altså dagen før kveldsvising. Det vil då vere ei unik moglegheit for foreldre og ungdom å sjå same film, og skape samtale kring tematikken i filmen. 

Det vil også kome innslag i Møre Nytt snart, for å prøve å nå ut til mest mogleg foreldre , lærarar, unge vaksne og andre som burde få med seg filmen. 

Hjelp oss gjerne å send vidare informasjon om du kjenner nokon som burde fått med seg dette J Sjå gjerne arrangement på Facebook: https://fb.me/e/1RwNGCjeB  

Billettar kan du kjøpe deg på Ørsta kulturhus sine sider: https://orsta.kulturhus.no/nattebarn-dxm20210077/

Har du spørsmål ikkje nøl med å ta kontakt! Håper vi ser deg! J

Helsing

Stine Terese Vatne Riise 

miljøterapeut/ergoterapeut 

Helse og velferdstenester

 

  

Mobil

  90254673

E-post

   stine.terese.vatne.riise@orsta.kommune.no

Web

  www.orsta.kommune.no